fredag, desember 21, 2007

Hvem er Gud?


Dominikanerpater Arnfinn Haram er blitt blogger, og jeg følger ivrig med på hans meget lesverdige blogg. På torsdag skrev han en bloggpost som jeg synes er så god, og med så viktig innhold, at jeg tillater meg å sitere den her på bloggen. Den handler om en side ved Guds personlighet og karakter, som det ikke snakkes mye om i dag, nemlig Guds vrede. Jeg har lenge vært opptatt av dette at vi skaper Gud i vårt eget bilde, for å få ham til å passe med vår egen livsstil og vårt eget livsmønster. Men det er jo det største bedrag av alle. La oss lytte til hva pater Haram har å si:


”Kven kjenner styrken i din vreide, kven ottast deg, så han skjønar din harme?” (v 11)

Slike ord ruskar skikkeleg opp i vårt humanistiske gudsbilete. Gud skal versågod vere ”god” – på den måten ein offentleg funksjonær er det: dele ut det vi har rett på, vere omgjengeleg, ikkje bry seg for mykje. Vi ynskjer oss ein passiv Gud; litt sånn som ei statskyrkje: ho skal vere der når ho trengs, elles minst mogeleg.

Mennesket i salmane forstår seg sjølv og Gud heilt annleis. Gud er ikkje eit ”innslag” i livet for dei som måtte ynskje det, ein ekstra stimulans for å sprite opp eller tryggje eksistensen. Han pressar på frå innsida av alt som er, han er krefter, vilje, velde. Han kjem innanfrå, nedanfrå, som gjevande og strøymande liv– og ovanfrå, som bydande og dømande Rettferd. ”Din er himmelen og di er jorda” seier det truande mennesket (sal 89, 12). Det fins ikkje noko ”utanfor” Gud; han er i stjerneskodda, han er i stormen, han er i pulsen som slår i handleddet ditt.Mennesket held ikkje alltid ut med denne energibunten, denne ivraren. Guds iver er hans “vreide”, hans “harme”. Vi er seine, vi kompromissar, vi kuttar svingane, vi juksar. Då vert Gud heit i hovudet, då brusar det i blodet, då logar hjarta hans av indignasjon. Då ligg handa hans tungt på oss. Då går vi til grunne. Kjennest det som.

Og då er det vi med bøna vår må lure oss innpå han ”attanfrå”, gripe fatt i hans veikskap – som er hans miskunn, hans kjærleik, hans ømleik. Som Samson har han ein løyndom: korleis han skal avvepnast. Ved at du sjølv kastar våpna, vender deg raskt mot han, står open framfor han og plutseleg seier: -Ver god mot meg! Då veiknar han. Overrumpla. Då er han din.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Vil så gjerne takke pater Haram for denne teksten. Den er utfordrende, men den er tydelig bibelsk, og det gjør godt å møte noen som også våger å snakke om Guds vrede. Godt fordi det er en side ved Guds karakter. Vi trenger det hele og fulle bildet av Gud, slik vi finner det i Bibelen, ellers blir det ikke et sant gudsbilde vi har.

Anonym sa...

Jeg likte spesielt det siste pater Arnfinn Haram skriver, det om "Guds veikskap".

Anonym sa...

Det er å håpe at denne Haram kommer med bok snart, med sine teologiske refleksjoner.